Kvalsundskipet

2 Views
Find Similar (BETA)Download
Author name
Tidvis
Source
Sketchfab
Polygon Count
996,724
Release Date
2020-01-22
License
CC BY-SA 4.0
vikingsrealitycapturekvalsundskipet

Asset Overview

Skipet blei funne på garden Kvalsund, i Herøy kommune på Sunnmøre, i 1920. Funnet vert tolka som eit myroffer. Dendrodatering frå 2019 viser at det er eit vikingskip frå 780 – 800 AD. Kvalsundskipet er derfor yngre enn tidlegare antatt. Skipet er tolka til å vere 18 m langt og 3,2 m breitt. Det hadde ein hoggen T-kjøl og 20 årar. Kvalsundskipet er bygd i eik, med furu ripbord. Det har heilvokste band (spant) i furu, utan betar med lause tofter. Banda var truleg festa med kvalbardar i eikeborda, men med trenaglar i ripbordet. På ripa har det vore festa keipar også med trenaglar. Sidestyre med ei kraftig rong (spant) for feste. Det vart laga ein replika i 1973, bygd av Sigurd Bjørkedal. Orginalfunnet ligg i Bergen, og kopien står på Sunnmøre Museum. Forskingsrapport: https://www.sciencedirect.com/science/article/pii/S2352409X19305449?fbclid=IwAR1Ntb4ZcdCNm6jpz5jDQDG_Gs3kZd59WB1Qt89zDPbDh9KtCMCsYZA9Y-M Created in RealityCapture by Gaute Gunleiksrud from 1312 images in 04h:45m:13s.